Hopp til hovedinnhold

Endring eller opphøyr av advokatverksemd

Endring av advokatverksemd

Er du advokat og skal bytte arbeidsgivar eller endre kva verksemd du praktiserer frå, finn du informasjon om dette på sida om firma og adresseendring

Opphøyr av advokatverksemd

Det skal givast skriftleg melding om opphøyr av advokatverksemd til Advokattilsynet. Meldinga skal komme frå innehavaren av advokatløyvet.

Av opphøyrsmeldinga skal det gå fram kven som skal ha ansvaret for oppbevaringspliktige dokument. Vi vil normalt òg be om ei stadfesting frå revisor på at det ikkje finst klientmidlar, og at regnskapsført klientansvar i føretaket er brakt ned til kr 0 på korrekt måte på avviklingstidspunktet.

Dersom advokaten er den einaste/siste med ansvar for gjennomføringa av rekneskapsplikta, kan advokatverksemda tidlegast registrerast som avslutta i Advokattilsynet sitt register den datoen vi mottar opphøyrsmelding og tilfredsstillande revisorstadfesting på klientmidlar og ansvar.

Dersom advokaten er einaste prinsipal for advokatfullmektig i verksemda, må det ved skifte av firma eller opphøyr av verksemd givast melding om kven som tek over ansvaret for fullmektigen, eller om autorisasjonsforholdet skal opphøyre.