Hopp til hovedinnhold

Krav om etterutdanning for advokatar

Ein advokat skal ha gjennomført minst 48 timar etterutdanning i løpet av dei tre føregåande kalenderåra eller i løpet av det inneverande og dei to føregåande kalenderåra. Minst to av timane skal vere etterutdanning i advokatetikk, jf. advokatforskrifta § 13.

Som etterutdanning reknast kurs innanfor juridiske emne og emne knytte til utøving av advokatyrket. Relevante kurs knytt til utøving av advokatyrket vil vere kurs innanfor rettskjeldesøk, språk, økonomi, psykologi, IKT, rekneskapsforståing og revisjon. Hovuddelen av etterutdanninga bør omfatte juridiske emne.

Kurs arrangert av aktørane opplista nedanfor tel som etterutdanning:

  • Universitet og høgskular i Noreg eller utlandet
  • Advokatforeiningen eller utanlandske advokatforeiningar eller internasjonale advokatorganisasjonar
  • Juristforbundet
  • Juristenes Utdanningssenter (JUS)
  • Kursarrangørar som etter søknad er godkjende av Advokattilsynet

I tillegg kan enkeltkurs frå andre godkjennast etter søknad frå arrangøren.
Å førelese på kurs som nemnt over blir rekna som etterutdanning på lik linje med deltaking.

Ein advokat skal på førespurnad frå Advokattilsynet kunne dokumentere etterutdanning frå og med det fjerde kalenderåret etter at vedkommande fekk advokatløyve. 

Retningslinjer om etterutdanningskravet
Advokattilsynets styre har fastsett retningslinjer om etterutdanningskravet, jf. advokatforskrifta § 13. 

Retningslinjene utdjupar lovkravet i advokatforskrifta § 13 om etterutdanning for advokatar. I retningslinjene blir det gjort greie for kven etterutdanningskravet gjeld for, innhaldsmessige krav, dokumentasjonskrav og fristar for gjennomføring av etterutdanninga. I tillegg blir det gitt informasjon til kursarrangørar. Du finn retningslinjene her.

Søknad om godkjenning som kursarrangør 
Søknad om godkjenning som kursarrangør innanfor juridiske emne og emne knytte til utøving av advokatyrket skal sendast til Advokattilsynet på fastsatt skjema. Søknaden sendes til post@tilsynet.no.

Dokumentasjonen for kurs skal utarbeidast og oppbevarast hos kursarrangøren. Det er ikkje nødvendig å sende dokumentasjonen til Advokattilsynet i samband med søknaden. Kursarrangør har likevel plikt til å leggje fram dokumentasjonen for Advokattilsynet på førespurnad.

Oversikt over godkjende kursarrangørar finn du her.

Søknad frå arrangør om godkjenning av berre enkeltkurs skal sendast til post@tilsynet.no.