Hopp til hovedinnhold

Advokattilsynets personvernerklæring

Advokattilsynet skal behandle personopplysningar i tråd med personopplysningslova og GDPR. I denne personvernerklæringa finn du informasjon om korleis Advokattilsynet samlar inn og bruker personopplysningar, korleis personvernet blir ivareteke av Advokattilsynet, og korleis du kan ivareta dine rettar etter personvernregelverket.

Kva tyder behandling av personopplysningar?
Personopplysningar er alle opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson. Typiske personopplysningar er namn, adresse, telefonnummer, e-post og fødselsnummer. Med behandling av personopplysningar meinast all bruk av slike opplysningar, til dømes innsamling, registrering, samanstilling, lagring og utlevering, eller ein kombinasjon av slike bruksmåtar. Du kan lese meir om dette på nettsidene til Datatilsynet. 

Kven er behandlingsansvarleg?
Advokattilsynet er behandlingsansvarleg for vår behandling av personopplysningar. Med behandlingsansvarleg meinast den som bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast.

Kvifor behandlar vi personopplysningane dine, og kva er formålet og behandlingsgrunnlaget vårt?
Advokattilsynet behandlar personopplysningar for å utføre våre lovpålagde oppgåver, som mellom anna er å føre tilsyn med landets praktiserande advokatar, utstede advokatløyve, autorisasjon av advokatfullmektigar, samt utferding av erklæring om bruk av juristtittel. Vi fører landets einaste ajourførte register over advokatar og advokatfullmektigar. Vi fører også eit register over juristar som har stilt tryggleik og som har valt å stå oppførte i registeret.

Det rettslege grunnlaget for Advokattilsynets behandling av personopplysningar finst først og fremst i advokatloven og advokatforskriften, jf. personvernforordningen artikkel 6 nr. 1 bokstav c og e, jf. nr. 3. Dersom sakene inneheld særlege kategoriar av personopplysningar, er grunnlaget for behandlinga av desse også personvernforordningen artikkel 9 nr. 2 bokstav g. Dersom vi behandlar opplysningar om straffbare forhold eller lovbrot, er behandlingsgrunnlaget også personvernforordningen artikkel 10.

Anna relevant lovgiving er personopplysningslova, forvaltningslova, offentleglova og arkivlova. I desse behandlingane er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c, altså at behandlinga er naudsynt for å etterleve dei rettslege pliktene våre. Der det er snakk om særlege kategoriar personopplysningar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordningen artikkel 6 nr. 1 bokstav c, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav g.

Vi bruker berre opplysningane til det formålet dei er henta inn for, med mindre vi har lov til å bruke opplysningane til andre formål.

Når samlar Advokattilsynet inn personopplysningar?
Vi behandlar i hovudsak personopplysningar som er gitt til oss fordi:

  • Du er underlagt vårt tilsynsområde etter advokatloven og advokatforskriftens regler
  • Du har sendt inn opplysninger om en person som ligger under vårt tilsynsområde
  • Du har bedt om innsyn etter offentleglova
  • Du har søkt på jobb hos oss
  • Du har bedt oss om veiledning
  • Du har søkt om å kalle deg jurist og/eller stå oppført i juristregisteret

Vi kan også få personopplysningar indirekte, for eksempel dersom:

  • Vi har bede ei verksemd om ei utgreiing, og dine opplysningar kjem fram i denne.
  • Ei henvending inneheld opplysningar om deg.
  • Ei søknad inneheld opplysningar om deg.
  • Vi mottar opplysningar om deg frå ein annan offentleg myndigheit.
  • Ein tilsett har oppgitt deg som nærmæste pårørande.
  • Ein jobbsøkar har oppgitt deg som referanse.
  • Opplysningar er henta frå offentleg tilgjengelege kjelder, som nettaviser.

Når overfører Advokattilsynet personopplysningar til andre?

Advokattilsynet utleverer berre personopplysningar til andre når det er naudsynt for å oppfylle våre lovpålagde oppgåver.

  • Advokattilsynets register over alle advokatar og advokatfullmektigar ligg søkbart tilgjengeleg på våre nettsider. Det same gjeld registeret over juristar som har stilt tryggleik og som har valt å stå oppført i registeret. 

Opplysningar frå registrene blir også overført regelmessig til:

  • Domstolsadministrasjonens register Lovisa 
  • Statsforvaltaren, som administrerer fri rettshjelpsordninga
  • Finanstilsynet i samband med at advokatar kan oppfylle vilkår for eigedomsmekling
  • Barneverns- og helsenemnda
  • Brønnøysundregistera
  • Kriminalomsorga
  • Advokattilsynets revisorar, Ernst & Young AS og KPMG AS.

Vi utleverer også personopplysningar til andre, til dømes politiet og andre offentlege myndigheiter, når det er naudsynt for å oppfylle våre lovpålagde oppgåver i ei konkret sak.

Kva blir registrert når du kontaktar oss?

-    På telefon
Dersom telefonsamtalar er knytt til enkeltsaker, kan det bli skrive telefonnotat som blir journalført i saksbehandlingssystemet vårt etter samtalen dersom samtalen inneheld opplysningar som er relevante for saksbehandlinga vår.

-    På e-post
Dersom ein e-post inneheld opplysningar som er relevante for saksbehandlinga vår, vil e-posten bli journalført i saksbehandlingssystemet vårt.

Vi nyttar TLS-kryptering for å sikre e-postkommunikasjonen vår. Dei fleste e-posttenester støttar dette, og e-postkommunikasjonen din med oss vil då vere sikra.

Opplysningar om jobbsøkjarar
Dersom du søkjer jobb hos Advokattilsynet, må vi behandle opplysningar om deg for å vurdere søknaden din.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a – samtykke, og bokstav b – behandlinga er nødvendig for å oppfylle ei avtale den registrerte er part i eller for å gjennomføre tiltak på den registrerte si oppmoding før ei avtaleinngåing. Dersom søknaden din inneheld særlege kategoriar av personopplysningar, er behandlingsgrunnlaget òg personvernforordninga artikkel 9 nr. 2 bokstav b.

Kor lenge lagrar vi opplysningane?
Vi skal ikkje lagre opplysningar lenger enn det som er nødvendig. Advokattilsynet har arkivplikt etter arkivlova, og vi må difor som regel oppbevare personopplysningar òg etter at saksbehandlinga er avslutta. Dersom opplysningane ikkje skal oppbevarast etter arkivlova eller anna lovgjeving, vert dei sletta etter bruk.

Databehandlar
Advokattilsynet har inngått avtalar med eksterne IT-leverandørar om å utføre oppgåver på vegner av Advokattilsynet. Vi har inngått databehandlaravtalar med desse for å regulere korleis dei behandlar personopplysningar på vegner av Advokattilsynet. Dei kan ikkje bruke opplysningane til andre formål enn det som er avtalt med Advokattilsynet, og dei har same teieplikt som tilsette i Advokattilsynet.

Korleis sikrar vi opplysningane? 
Advokattilsynet er pålagt å sørgje for tilfredsstillande informasjonssikkerheit med omsyn til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit. Vi har etablert rutinar for å sikre dette. Risikovurderingar, mellom anna av alle viktige system, vert gjort jamleg og ved behov. Dersom det oppstår avvik i vår behandling av personopplysningar, vil vi handtere dette i samsvar med interne rutinar og personvernregelverket.

Dine rettar
I samband med at vi behandlar personopplysningar, har den registrerte mange rettar. Dei viktigaste er skildra nedanfor. 

  • Innsyn i eigne opplysningar – du kan be om ein kopi av alle opplysningar vi behandlar om deg.
  • Rett til retting av personopplysningar – du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande.
  • Rett til sletting av personopplysningar – i visse situasjonar kan du be oss slette opplysningar om deg sjølv.
  • Rett til avgrensing – i nokre situasjonar kan du òg be oss avgrense behandlinga av opplysningane om deg, det vil seie at personopplysningane dine vert lagra, men ikkje brukte til noko.
  • Rett til å protestere – dersom vi behandlar opplysningar om deg på grunnlag av våre oppgåver eller etter ei interesseavveging, har du rett til å protestere mot vår behandling av opplysningar om deg.

Du kan utøve rettane dine ved å sende oss eit brev eller ein e-post til post@tilsynet.no. Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar.

Dersom du meiner at vi ikkje behandlar personopplysningane dine i samsvar med regelverket eller slik vi har skildra det i denne erklæringa, kan du klage til Datatilsynet. Meir informasjon om dette finn du på Datatilsynet sine nettsider,www.datatilsynet.no

Kontaktinformasjon:
Dersom du har spørsmål til denne personvernerklæringa eller Advokattilsynet sitt ansvar som behandlingsansvarleg, kan du sende brev eller e-post til følgjande adresse:

Advokattilsynet
Postboks 720 Sentrum
0106 Oslo
post@tilsynet.no
Telefon: 22 00 75 00

Vi har eit personvernombod som du kan kontakte dersom du har spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningar om deg, eller dersom du treng hjelp til å utøve rettane dine ovanfor oss. Personvernombodet har teieplikt.

Kontaktinformasjon til personvernombodet i Advokattilsynet:

Namn: Anders Kittelsrud
Mobil: +47 94 01 22 18
E-post: anki@tilsynet.no

Sist endra: 30.12.2024