Tilsyns og disiplinærsystemet
Tilsyns- og disiplinærsystemet for advokatar vil frå 1. januar 2025 bestå av to frittståande og uavhengige offentlege organ: Advokattilsynet og Advokatnemnda. Advokatnemnda erstattar dei tidlegare organa Advokatbevillingsnemnden og Disiplinærnemnden.
Advokattilsynet
Advokattilsynet er eit statleg, uavhengig organ som skal føre tilsyn med at advokatar, advokatfullmektigar, personar med utanlandsk advokatløyve som utøver advokatverksemd på permanent basis i Noreg, advokatføretak og organisasjonar eller einingar med organisasjonsadvokatar, opptrer i samsvar med reglar gitt i eller i medhald av lov. Advokattilsynet fører òg tilsyn etter kvitvaskingsregelverket og utferdar alle typar løyve til å utøve advokatverksemd. I tillegg informerer og rettleier Advokattilsynet publikum og verksemda sine brukarar.
Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna administrative ansvaret for Advokattilsynet. Advokattilsynet har òg ei rådgjevande rolle overfor Justis- og beredskapsdepartementet innanfor sitt fagområde.
Advokattilsynet er uavhengig i si forvalting av gjeldande regelverk innanfor sine fagområde og kan ikkje instruerast i utøvinga av si myndigheit, jf. advokatloven § 43 første ledd. Advokattilsynet blir leia av eit styre på fem medlemmar, og verksemda er regulert i advokatloven og advokatforskrifta. Den daglege drifta blir teken hand om av administrasjonen i Advokattilsynet.
Forvaltningsloven, offentleglova og arkivlova gjeld for Advokattilsynet
Advokatnemnda
Advokatnemnda skal avgjere disiplinærklager og vurdere om ein advokat har kravd for høgt salær. Advokatnemnda er òg klageinstans for avgjerder tekne av Advokattilsynet. Dette gjeld òg klager over avgjerder om innsyn etter offentleglova, miljøinformasjonsloven og forvaltningsloven. Advokatnemnda sine avgjerder kan ikkje påklagast.
Den Norske Advokatforening ivaretek sekretariatsfunksjonen for Advokatnemnda.