Advokattilsynet sender ut informasjon om innsending av eigenerklæring og årsrekneskap
Publisert: 26.3.2026
I desse dagar sender Advokattilsynet ut informasjon til advokatføretak og advokatar om den årlege innsendinga av egenerklæring og årsrekneskap. Fristen for innsending og betaling er 30. april.
Den årlege rapporteringa er ein viktig del av Advokattilsynet sitt arbeid for å føre eit effektivt og målretta tilsyn med advokatverksemd i Noreg. Opplysningane som blir gitt er avgjerande for at tilsynet skal kunne utføre oppgåvene sine på ein forsvarleg og risikobasert måte.
Viktig for eit risikobasert tilsyn
Advokattilsynet skal i tilsynsverksemda ha ei risikobasert tilnærming. For å kunne prioritere rett og bruke ressursane der behovet er størst, må tilsynet ha oversikt over kva risiko den enkelte rapporteringspliktige verksemd har for å bli misbrukt til kvitvasking eller terrorfinansiering.
Dette er bakgrunnen for at advokatføretaka blir bedne om å rapportere på relevante risikoforhold. Opplysningane inngår i Advokattilsynet si risikoklassifisering av norske advokatføretak, og dannar eit viktig kunnskapsgrunnlag for planlegging og gjennomføring av tilsyn.
Rapporteringa gir også Advokattilsynet nødvendig innsikt i organisering og drift i den enkelte verksemda. Dette bidreg til å styrke rettstryggleiken, tilliten til advokatstanden og kvaliteten på tilsynsarbeidet.
Nye spørsmål og utvida rapportering
For rekneskapsåret 2025 er det gjort enkelte endringar i rapporteringsskjemaet. Mellom anna skal advokatføretaka no opplyse om kva klientbankkontoar som har vore aktive i rapporteringsperioden, og liste opp desse i skjemaet.
Som følgje av plikter i advokatlova er rapporteringa knytt til organisering og drift òg utvida. I tillegg blir føretaka bedne om å laste opp relevant dokumentasjon, mellom anna eventuelle nummererte brev frå revisor.
Eit felles ansvar
Den årlege rapporteringa er ein viktig del av tilsynet for å sikre forsvarleg advokatverksemd og hindre skade og tap hos klientar, samt å førebygge økonomisk kriminalitet.
Ved å gi korrekte og fullstendige opplysningar bidreg advokatføretaka til at tilsynet kan rette merksemda mot område der risikoen er størst – til beste for både advokatstanden, klientane og samfunnet.
Informasjon om bidragsplikta og innsending av eigenerklæring og årsrekneskap blir sendt personleg i Altinn. Verksemder som ikkje har levert eigenerklæringsskjemaet, vil få dette sendt til verksemda si innboks i Altinn.
Frist for betaling og innsending er 30. april.