Hopp til hovedinnhold

Byter advokatverksemda organisasjonsnummer? Hugs å melde frå i god tid!

Får advokatføretaket nytt organisasjonsnummer, til dømes ved omdanning, må Advokattilsynet vite det i god tid. Viss ikkje kan advokatane miste tilgangen til Aktørportalen, i verste fall midt i ei pågåande sak.

Kva skjer viss me ikkje får beskjed? 

Alle advokatar er knytte til eit organisasjonsnummer i registeret til Advokattilsynet. Domstolane hentar informasjon om organisasjonsnummer i registeret til Advokattilsynet, og slår det opp i Einingsregisteret (Enhetsregisteret). Dersom føretaket er sletta i Einingsregisteret, eller av ein annan grunn ikkje er aktivt, mistar advokaten som er registrert under dette organisasjonsnummeret tilgangen sin til Aktørportalen. 

Dette rammar særleg føretak med pågåande rettssaker, kor tilgangen kan forsvinne før ein rettsmøtedag. Advokattilsynet kan ikkje overstyre opplysningane om kva føretak som til ei kvar tid er aktive i Einingsregisteret eller kva opplysningar som blir lagt inn i Aktørportalen. 

Gjer det slik 

• Gi oss beskjed på e-post: post@tilsynet.no minst tre veker før endringa skal skje. Opplys om gammalt og nytt organisasjonsnummer og når endringa skjer. 

• Send registermelding til Brønnøysundregistra i god tid. Saksbehandlingstida der varierer, så ta høgde for den. 

• Gi oss beskjed når det nye føretaket er registrert, slik at vi kan knyte advokatane til det nye organisasjonsnummeret på den datoen de ønskjer. 

• Sørg for overlapp. Det gamle føretaket bør de ikkje slette før det nye er registrert i Einingsregisteret og det er stadfesta frå Advokattilsynet at advokatane er knytte til det nye føretaket. 

Klientmidlar og revisor 

Før Advokattilsynet registrerer ei verksemd som avslutta, må me ha dokumentasjon på at det ikkje lenger er registrert  klientmiddelansvar i føretaket og at det ikkje er inneståande midlar på klientbankkonto som høyrer til føretaket. Revisoren til føretaket må stadfesta dette, og stadfestinga skal sendast til Advokattilsynet. 

Ta kontakt tidleg 

Me opplever innimellom at føretak planlegg slike endringar lenge, men gløymer å involvere Advokattilsynet. Då oppdagar dei konsekvensane først når tilgangen til Aktørportalen forsvinn. Kontakt oss tidleg, så unngår de det.

Spørsmål? Kontakt oss på tlf. 22 00 75 00 eller e-post: post@tilsynet.no